:: Introduksjon :: Prosjektarbeid :: Emner :: Ressurser :: Verktøy :: Lærerrommet  

Å fortelje med bilde


Eit bilde kan seie meir enn 1000 ord” er ein påstand som det nokre gonger kan vere rett å hevda. Det er bilde som er så sterke og innhaldsrike at vi må bruke mange, mange ord for å fortelje alt vi ser, og kva vi opplever når vi ser desse bilda. Sjå Salvadore Dali: The Persistence of Memory og Michelangelo: Skapelsen

Har du tid og lyst, kan du finne mange fine bilde å sjå på her i denne lenkjebasen Famous Artworks exhibition


Difor er det viktig å bruke bilde som uttrykkjer nett det du vil fortelje. Då må du òg ha tenkt over om det finst noko i bildet som kan tolkast på ein annan måte enn det du hadde tenkt! Difor er det nyttig å kunne ”lese” bilde for å kunne avsløre/kjenne til kva det er som ligg attom. Vi kan seie at å analysere eit bilde er å tolke røyndomen. Vi leitar etter meininga med bildet. Kva er det eigenleg fotografen/kunstmålaren vil fortelje med dette bildet vi ser på? Kva for verkemedel har han nytta?


Når vi analyserar bilde, kan vi grovt sett seie at vi brukar to lesemåtar: denotasjon og konnotasjon.
Denotasjon(beskriving)
Er ei beskriving/framstelling av Kva du eigenleg ser på bildet utan å freiste å fortolke kva du ser.
Konnotasjon(tolking)
Å konnotere eit bilde vil seie å tolke det du ser ved hjelp av det du elles kan om det du ser (t.d.. symbol, fargar, bildekomposisjon, kunnskapar elles om den tida bildet vart teken i).
Ved å jobbe med desse to analyseteknikkane, vil du stort sett greie å finne meininga(og gleda!) ved eit bilde.
Her er eit framlegg til ein modell du kan analysere bilde etter:
Grunnspørsmål er:
Kven har laga bildet(fotografert, teikna eller måla det)? Når vart det laga? Kva veit du om sendaren(bildeskaparen)? Kva slags bilde er det? Beskriv det kort.
Denotasjon: Kva ser du på bildet? Beskriv det kort.
Konnotasjon: Kva fortel bildet? Kvifor vart det laga? Kva for verkemedel vert nytta for å få fram bodskapen? Kan det setjast inn i en serskild kulturell og samfunnstilknytta samanheng? Kven trur du bildet er meint for?
Avslutning: Korleis opplever du bildet? Tykkjer du at bildet seier det det har på hjartet på ein overtydande måte?
Sjå døme på bildeanalyse

Bildeanalyse: Avdekkjarar/"veksande bilde"
Når du skal lage ein eigen presentasjon av det du vil ha fram, er det viktig at du har valt ut nett dei bilda du vil bruke. Er du sikker på at dei uttrykkjer nett det du vil ha fram? Kan dei oppfattast på ein annan måte? I slike samanhengar kan avdekkjarar eller ”veksande bilde” vere til stor nytte som trening.
Ein ”avdekkjar” heitte tidlegare ofte eit ”veksande bilde”. Det vil seie at bildet for det første vart større etter kvart som ein la til meir og meir av bildeflata, men for kvart nytt tillegg av bildeflata vaks òg informasjonen om grunntydinga til bildet. Meininga i innhaldet endra seg slik etter kvart som bildet vart tilført ny informasjon. Dette er det morosamt å prøve seg på, og kan i mange samanhengar gjere at du og medelevane dine skjerpar dykk skikkeleg når de ser på eit bilde.

Bildemanipulasjon
Det er vorten lettare å manipulere bilde. Å manipulere vil seie å forandre på bilde. Mange diktatorar har gjort nett dette når dei vil fjerne tidlegare rivalar frå bilde som har vore offisielle tidlegare. I dag ser ein òg at mange aviser og vekeblad manipulerar bilde av ulike årsakar, mest for å vere morosame, eller for å gje eit kjend bilde ein ny vri og meining. Men det er ikkje tillate å manipulere bilde offentleg utan å gjere oss som publikum merksam på det. Så dersom du har tenkt å manipulere eit bilde før du legg det ut på nettet eller trykkje det i t.d. skoleavisa, er du nøydd til å seie i frå om det!

Eksempler
Ukens vinnerfiklinger (Kristin Halvorsen)
Nettekstra


Kvar finn eg bilde eg kan nytte?
Du kan taka bilde sjølv – bruk digitalkamera eller skann papirbilde eller lysbilde(slides) du tek eller har teke, eller du går til forskjellige bildebasar.
Du kan bruke den bildebasen vi har laga her eller du kan bruke bilde frå desse lenkjene:
Læringssenteret(Skolenettet) har denne og UNICEF har denne.
På lenkjestaden artcyclopedia finn du òg ei mengd flotte bilde frå verdskunsten som det kan vere greit å vite om.

 

© 2003 Elarena