Berlevåg i San Pedro
Døme på ein bildeanalyse

Mann i sangerlue
Her kjem eit framlegg til analyse av bildet, men prøv deg sjølv
først med dei hjelpespørsmåla du allereie har sett
i førre skjemaet.
Grunnspørsmål
Kven som har teke bildet, når og kvar, seier bildet ikkje noko
om. Av den årsak får vi ingen informasjonar som kan hjelpe
oss til å plassere bildet ved hjelp av fakta. Vi får heller
ikkje vite noko om i kva for samanhang det er teke. Men vi prøvar…….
Denotasjon(set ord på det vi ser utan å tolke)
Sjølve motivet er ein medelaldrande mann som står i framgrunnen
med eit hamnemiljø i bakgrunnen. Bildet er i breiddeformat.
Det er eit portrett teke rett framføre med det føremål å skildre
hovudpersonen i ein serleg situasjon.
Mannen står midt i bildet. Han ser litt til sides for fotografen.
Han har på seg ein mørk dress med kvit skjorte og mørk
sløyfe. På hovudet har han ei kvit songarlue, antakeleg
norsk. Det er skumring, men andletet og brystpartiet er godt lyst opp.
Mannen er truleg kring femti år og medels høg.
I bakgrunnen ser vi lysa frå ei båthamn. Ho må vere
internasjonal, for vi kan skimte palmetre bak mannen. Ser vi godt etter,
kan vi òg sjå litt av ei plen og eit fortau like bak han.
Hamna er nokså stor, for vi ser ei rekkje kraner langs hamneområdet.
Bildet er kransa av store tre på høgre side.
Konnotasjon(tolkar ut frå dei kunnskapar og erfaringar vi sit
inne med):
Mannen midt på bildet er medelaldrande. Han er sentralt plassert
i bildet, og andletet er godt lyst opp. Han har eit ope og godt andlet
og har eit litt ettertenksamt blikk i andletet når han ser forbi
fotografen. Er det eit streif av vemod, eller kan hende heller ettertanke?
Kvifor er han nett her? Det er kveld, for det er mørkt bak han,
men himmelen er enno litt lys, så denne staden må liggje
på sørlege breiddegradar kor mørkret kjem meir
brått enn det gjer i meir nordiske land.
Bakgrunnen verkar litt merkeleg når han står der med ei
norsk songarlue på. Ein skulle kunne tru at han er med på ein
songarturne til meir sørlege strøk, sia det er klårt
at i bakgrunnen finns det eksotiske vekstar som palmar. Visste ein
ikkje betre, kunne ein tru at dette var eit bilde teke i studio med
eit bilde av hamna som kulisse bak! Det var nemleg ikkje uvanleg i
gamle dagar, men da var bilda i staden i svart-kvit.
Kvifor bildet er teke, er det ikkje så lett å seie, men
i alle høve er dette eit bilde prega av ro og som heilt klårt
vekkjer gode minne hos hovudpersonen. Det varme lyset på andletet
og skjortebrystet til mannen, dei dimme lysa frå hamna er med
på å skape eit bilde som er prega av ro og tenksemd, og
kor det er heilt klårt at mannen er i eit uvand miljø i
høve til den klednaden han har på seg. Men det at han
er i festklede, tyder og på at dette bilde er teke i ein særskild
situasjon.
Avslutning(samla inntrykk):
Bildet er spennande, avdi det har klåre motsetningar i seg. Kvifor
står ein norsk mannsongar i ei sydlansk hamn? Det vekkjer nyfikne,
men det er samstundes eit bilde som eggjar til å dikte med.
Faktaopplysningar:
Bildet er teke 15. oktober 2001 utafor Sjømannskyrkja i San
Pedro, Los Angeles. Personen på bildet er Oddvar Hansen som då var
formann i Berlevåg mannskor. Dette mannskoret fekk ein kjempesuksses
gjennom dokumentarfilmen ”Heftig og begeistret”. Dei var
no på konsertturne i det norske Amerika, noko som det og vart
film av – ”Heftig og begeistret – på sangens
vinger”. Nett etter at bildet var teke, heldt dei ein konsert
i Sjømannskyrkja der svært mange var til stades. Bildet
vart teke som ein del av eit intervju med ei norsk avis(Vårt
Land), og medan intervjuet vart halden, fall mørkret på.
Difor vart det eit kveldsbilde i staden for eit ettermiddagsbilde – når
ein tenkjer på lyskvaliteten. Hansen ville sjølv gjerne
verte fotografert med hamna i bakgrunnen, for han hadde sjølv
vore sjømann då han var ung, og segla på denne hamna
fleire gonger. For han blei da dette òg eit attersyn med ei
travel hamn som vekte til live ein periode i livet hans som han hadde
mange gode minne frå.

