Triggarfilmane om ytringsfridom- korleis jobbe med dei?
Desse triggarane er laga for at du skal få idear til å jobbe med den problematikken som desse korte filmane tek opp, nemleg ymse former for ytringsfridom. Triggarane er laga av film- og mediestudentar ved Allmennlærerutdanninga, Høgskolen i Oslo.
Sms tek opp mobiltelefonterror
Ytring om ytring tek for seg om det er noko vits i
å la seg engasjere i t.d. demonstrasjonar
Tagging tek for seg nettopp tagging og å nekte
seg sjølv mat
Chat tek opp problematikken kring det å gje frå
seg opplysingar på nettet.
Valgets kvaler lurer på om dersom
du seier sanninga, er det då å sladre?
Mobbing tek opp om du har rett til å seie kva
du meiner i alle situasjonar?
Triggar 1: SMS
Produsentar: Petter Larsen, Marit Johansen, Hege Næss, Solveig
Sevik og Ingeborg Wiencke, Høgskolen i Oslo 2002.
Her er det søstera til Eva som fortel ei tragisk historie om
Eva som blei offer for terror ved bruk av SMS-meldingar, og både
Eva sin lærar og mobbaren Sandra får seie si meining. Eva
sin lærar uttrykte uro over korleis Eva trekte seg attende og
registrerte forandringa med Eva, medan Sandra hadde lita sjølvinnsikt:
- Hu måtte da skjønne at vi bare tulla!. I hvert fall
var det ikke min skyld!
Sjå på desse to utsegnene og drøft innhaldet i
dei. Har Sandra skjønt alvoret i det ho har vore med på?
Er det så uskuldig som ho vil ha det til?
Lag ein eigen versjon av denne historia, der t.d. Sandra er komen på andre
tankar og andre måtar å ta kontakt ved hjelp av mobilen
på. Sjå òg lenkjene til avisoppslag som syner at
dette er eit kjend fenomen i mange ungdomsmiljø.(her legges
inn lenkene om mobbing som du har fra før)
Triggar 2: Ytring om ytring
Produsentar: Mari Bjørnsrud, Terje Erstad, Trine Forfang, Marthe
Igesund, Ingjerd Lundsholt og Aud Kristin Saltvik, Høgskolen
i Oslo 2002
Kva freistar triggaren å fortelje?
Kva kjenner du igjen frå bakgrunnsbilda?
Kven er det som hevdar seg sterkast?
Kven fekk Nobels fredspris i 2002?
På kva måte har han klart å få fram bodskapen
sin?
Er du utrygg på svaret, gå t.d. til lenkja
(http://www.dagsavisen.no/innenriks/2002/10/686812.shtml)
og finn fleire opplysningar der.
Dersom du sjølv skal lage ein film om ytringsfridom, kva vil
du leggje vekt på da?
Plukk ut eit par scener får triggaren”Ytring om ytring” og
lag din eigen versjon.
Kva ville du ha sagt dersom du skulle ha skrive teksta til denne samtalen?
Replikkar å ta fatt i(henta frå triggeren):
- Du må engasjere deg litt
- Det hjelper ikke at jeg går i fakkeltog
- Det var litt mer spesielt med Martin Luther King!
- Jeg gidder ikke å utsette meg for sånt.
Dessuten interesserer meg ikke.
- De må få mene det de vil
- Og jeg må få bare holde kjeft hvis jeg vil det!
Ein ny spennande nettstad er Fortel verda som arbeider med at born
og unge får vere med både å meine noko og å
gjere noko, i denne sammenheng serleg i samband med kva born og unge
i afrikanske land har høve til å ta del i. Sjå:
Fortel verda! og
handling
Den siste nettstaden tek tak i haldningane til den unge jenta i denne
triggaren.
Triggar 3: Tagging
Produsentar: Anja S. Aurmark, Hilde L. Berset, Kristine Gjerstad, Mathea
V. McGhie og Dag Røneid, Høgskolen i Oslo 2002
”Formålet helgar medelet” kunne kanskje ha stått
som undertittel til denne triggaren. Her er det eigentleg tre tema
som vert drøfta, nemleg matvegring, falsk reklame og tagging.
Desse taggarane(truleg ville dei sjølve kalla seg ”aktivistar”!)
meiner at Hennes&Mauritz driv med falsk reklame fordi dei fokuserar
sterkt på dei friske, unge syltynne kroppane, og får det
til å sjå ut som det er desse jentene som har dei rette
fasongane på kroppane sine. Som ein kan sjå av dei klistremerka
dei set opp, meiner ungdommen sjølv at dei driv med ”motinformasjon”,
og syner til statistikkar som fortell korleis det i røynda står
til i landet når det gjeld matvegring.
Gå ut på nettet og sjå kva du kan finne fram av slike
opplysigar og lag din eigen triggar, eller hald eit lite innlegg i
klassen der du syner denne triggaren og gjev dine eigne kommentarar.
Elles så har Forbrukarrådet laga eit arbeidshefte om reklame
som går tett inn på desse problema, sjå Arbeidshefte
om reklame
I Filmbutikken hjå
Norsk Filminstitutt finst det ein film som heiter ”Underbart”(
5 min.). Det er ei morosam lita historie som kan vere god å starte
ein diskusjon rundt. Ein annan film, som er litt lenger, er ”Modellene,
mødrene og agentene”(50 min.) som tek føre
seg korleis modellane vert stadig yngre. Høver òg godt
til diskusjon i klassen.
Diskuter desse utsegnene frå triggaren:
- Jeg synes loven beskytter eiendommen mer enn den beskytter disse
jentene
- Loven begrenser vår ytringsfrihet(fekk 9 000 kr. i bot for å ha
tagga på desse plakatane)
- Vi vil gjøre livet lettere for 100 000 jenter i Norge som
lider av spiseforstyrrelser, så kan det diskuteres om det er
så farlig at vi tagger på noen plakater
Kva er du einig – ikkje einig i?
Triggar 4: Chat
Produsentar: Karoline Lund Busch, Svein Håkon Henriksen, Silje
Isaksen, Rita Jasmin Lund og Audun Sandem.
Den unge jenta bryt nettverkreglane ved å gje frå seg
sitt eige telefonnummer og adresse til den ukjende. Ho bryr seg ikkje
om at det kan vere farleg, sjølv om avisene er fulle av slike
historier.
Redd Barna sin nettverkregel
nr. 1 vil gjelde her:
Typiske replikkar i denne triggaren er at
- Dette kan ikke hende meg.
- Han høres så hyggelig ut.
- Han har sendt meg masse koselige tekstmeldinger.
- Jeg tror han er den han gir seg ut for
Akkurat dette er lett å kjenne igjen frå andre samtalar
eller situasjonar som gjeld dette med kva for opplysningar du skal
gje frå deg til ukjende.
Lag ein liten diskusjon der du byggjer på denne triggaren, og
der du får fram kva du meiner er rett å gjere i ein slik
situasjon.
Lag din triggervariant, men la historia gå litt lenger fram i
tid og handling enn denne triggaren gjer.
Triggar 5: Valgets kvaler – Kva
skal ein velje å gjere?
Produsentar: Siri Bolstad, Line Grube, John Einar Hagen, Grete Narvestad
og Vegard Vonheim, Høgskolen i Oslo 2003
Den vesle guten har litt av ein diskusjon med seg sjølv der
han går bortover gangen til kontoret til inspektøren.
NB! Legg merke til det skjelettet som er måla på veggen
i ein av gangane! Det vert eit kraftig signal på vegen til kontoret,
dersom ein er i det dramatiske hjørnet!
Triggaren tek opp det som er ein temmeleg vanleg situasjon og problemstilling
i ein klasse: - er det rett å seie ifrå når nok er
gale, eller kan det verte sett på som sladring? Og kven skal
ein fortelje det til? Er det mogeleg å nytta andre ”kanalar” for å få sagt
i frå?
Kvar går ytringsfridomen her? Dersom ein let vere, kvifor gjer
ein det? Er ein sjølv redd for å at nokon skal hemne seg
eller at ein vert kalla for sladrehank, eller meiner ein at dette skal
ein gjere opp seg i mellom?
Kva er mot i dette høvet?
Som vi både ser og høyrer, den vesle guten kjempar med seg sjølv både medan han går bortover gangen, og når han er inne på kontoret hos inspektøren. Mange vil nok kjenne seg igjen i den situasjonen når han sit der, og tankane kvernar rundt i hovudet:
- Jamen jeg har ikke gjort noe
- Okay jeg skal fortelle hva som skjedde
- Men tenk om jeg får bank
- Nei, jeg vil ikke si noe. Lurer på hva de andre ville ha sagt?
- Jeg vet ikke hva jeg skal gjøre
Nøkkelreplikken vert kanskje
- Jeg gjorde ingen ting. Dette er så vanskelig…….
Redsla for å stikke seg fram, seie i mot når noko er gale, er kanskje eit par av grunnane til at nettopp denne type plaging får lov til å halde fram.
NB! Lag ei lita dramatisering der de kjem fram til ei løysing,
slik at alle kan verte hjelpt.
Sjå t.d. barneombudets
mobbesider
Her finn du mykje godt stoff.
Triggar 6: Mobbing
Produsentar: Torstein M. Haug, Joachim Fr. von Hirsch, Laila Rudihagen,
Rune Aa. Wiik og Ingvild Waage, Høgskolen i Oslo 2003.
Denne vesle historia handlar om kva ein har lov til eller ikkje når det gjeld ytringsfridom. Men dersom ein ved å seie kva ein vil, skadar andre, har ein likevel krenkt ein annan si menneskeverd, og det har ein ikkje lov til!
Denne vesle historia om han som vert kalla for ”Padda”,
er eit typisk døme på kva som hender når oponionsleiaren
i klassen avgjer kva som er rett meining, og når det gjeld eigne
klassekameratar. Problemet vert om ein skal våge å seie
mot klassen sin ”småsjef”, og kva han står
for. Kva kan du gjere? Har ein lov til å seie kva ein vil – utan
omsyn til andre?
Når er det rett å seie ifrå?
Kva kan du sjølv gjere i ein slik situasjon?
Kva meiner du det vert kravd av deg for å kunne løyse
denne situasjonen på ein annan måte?
Skriv eit lite manus i første omgang, men lag gjerne ein liten
triggar som aktivt tek parti for mobbeofferet ”Padda”.
Kva for namn har ”Padda” i røynda, trur du?
NB! Å nytte kallenamn er ein kjend måte å herske
over andre på.
Manifest
Det arket som kjem svevande ned frå taket i byrjinga, og som
den plaga guten snåvar i når han spring ut av skolen, er
det ikkje så lett å sjå kva eigenleg er. Men det
er eit MANIFEST(programfrågsegn) som vart vedteken 23.09.02 av
Regjeringa, Kommunenes Sentralforbund, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalget
for grunnskolen og Barneombodet.
Det viktigaste i det som står der, er at dei saman skal arbeide
for at mobbinga skal vere borte(”nullforekomst”)fra norske
skoler i løpet av 2 år. Kva det elles dreier seg om, finn
du her: Manifest
mot mobbing
Artikkel 13(i Barnekonvensjonen) – som det er
tydeleg elevane i klassen har jobba ein del med, lyder slik: Ein kvar
har rett til å få og gje informasjon.
Barnet har rett til ytringsfridom, til å søkje, ta i mot
og spreie informasjon og idear av alle slag og på alle måtar.
Det er nettopp dette denne guten gjer krav på: - Jeg sier det
jeg vil, for det er ytringsfrihet. Og synes jeg at Padda er en dritt,
så sier jeg at Padda er en dritt.
Men dersom du les Del 2 i Artikkel 13, står det litt meir! Serleg
punkt a) er interessant. Les han og sjå kva det er som mobbaren
ikkje har sett!
Del 2 i Artikkel 13 i Barnekonvensjonen seier det
på denne måten:
Utøvinga av denne retten kan ha visse avgrensningar, men desse
skal berre vere slike som er sagt føre ved lov og er naudsynlege:
(a) av omsyn til andre sine rettar eller omdøme; eller
(b) til vern mot tryggleiken til nasjonen, den offentlege orden(odre
public) eller den offentlege helse eller moral.
Elles har både Barneombodet og Redd Barna nettstad om mobbing.
Kanskje nettsida til Barneombodet er det mest aktuelle i denne saka.
Sjå: Barneombudets
mobbesider

