:: Introduksjon :: Prosjektarbeid :: Emner :: Ressurser :: Verktøy :: Lærerrommet  

Ytringsfridom - kunst og presse


Med rett til å meine!

- Eg er usamd i kva du seier, men…
Grunngjevinga for ytringsfridomen er at han set oss i stand til saman å søkje sanninga. Av di ingen er feilfri, er ytringsfridomen eit testverkty for å sikre”kvalitetskontroll” av tankane våre. Utan å høyre på andre har vi heller ikkje noko grunnlag for å forme våre eigne oppfatningar. Og i å kjempe for andre sin rett til å hevde sine meiningar som går på tvers av våre eigne, er òg ein av forutsetnadene for demokratiet. ”Eg er usamd i kva du seier, men eg vil inntil døden forsvare din rett til å seie det”, skal den kjende franske forfattaren og filosofen Francois Voltaire (1694-1778) ha sagt.

Ytringsfridomen er ein av våre menneskerettar, men nett den retten har ikkje fått gjennomslag alle stader i verda, og slettest ikkje når det gjeld barn sitt høve til å ytre seg mange stader i verda.
Meir enn 100 millionar born byrjar på skolen, men sluttar før dei har rokke å lære seg dei mest grunnleggjande kunnskapar og dugleik. Kvart fjerde barn sluttar etter fire år på skolen. Då er det òg klårt at mange barn ikkje har dei same høve som t.d. barn i Europa til å kunne seie meiningane sine på ein slik måte at dei kan bli høyrd på skikkeleg vis.


Vilkåra for demokrati er
Rettstryggleik (tryggleik mot vilkårleg rettsforfølging og straff)
Likskap for lova (alle borgarar har like rettar og plikter)
Å ndsfridom (trusfridom, fri vitskapleg forskning, foreinings- og forsamlingsfridom, ytringsfridom).

Utgangspunktet for ytringsfridomen er individet som står fram med vesentlege verdiar og sanningar som samfunnet anten ikkje likar, er redd for, eller freistar å undertrykkje. Eit samfunn som vil sikre ytringsfridom, må syte for å sleppe til dei som fritt og ubundne vil seie sanninga.

Alle meiningane våre er subjektive. Noko er likevel fakta, t.d. at jorda går rundt sola, sjølv om det var mange som opp i igjennom tidene har meint noko anna! Vi må sjå kritisk på våre eigne meiningar. Kva for grunnlag byggjer vi meiningane våre på?
At ytringsfridomen er sett i fåre, kan målast på to forhold:
1. Einskildmennesket kjem ikkje til orde når det er urettvist og negativt handsama i samanhengar der dei står meir eller mindre aleine.
2. Verdispørsmål: Retten til å snakke fritt om sine verdiar, sjølv om dei strid mot andre sine, og framfor alt gjeld det retten til å tale sanning når løgna synest godteken av alle andre.

Tankepoliti
Ein fri debatt på like fot mellom frie menneske er umogeleg når ein av partane er vorten dømd på førehand.
I boka ”1984” (1948) tek forfattaren George Orwell opp omgrep som ”Tankepoliti” og ”Nytale”. I det samfunnet som Orwell skildrar, har herskarane all makt. Dei har eige ”tankepoliti” som kontrollerar alt kva folk seier og tenkjer, dvs. dei følgjer med på alle ytringar som folk måtte kome med i eit kvart høve, anten dei skreiv, song, snakka høgt med seg sjølv eller med andre. Samstundes er det konstruert eit nytt språk (”nytale”) som er så snedig laga at det lukar bort alle andre tydingar enn det som styresmaktene vedtek. Effektivt og lett å kontrollere!


Korleis er det i dag?
Mange stader i våre dagar er det stor mangel på ytringsfridom. I mange diktaturstatar og i såkalla totalitære statar, er ytringsfridomen innskrenka. Amnesty International arbeider særleg for å gjere verda merksam på kva for overgrep som vert gjort mot dei som tenkjer annleis, m.a. har dei adoptert den kinesiske journalisten Chen Yanbin. Han har sagt frå om tyranniet i Kina, og det vart for mykje for leiarane i Bejing. Han fekk 15 års fengsel for meiningane sine. Sjå Adopterer kinesisk journalist

Andre døme på angrep på ytringsfridomen.
Her finn du (diverre) nye døme på menneske som ikkje har retten til ytringsfridom

3. mai er pressefridomen sin dag

Pressefridomen har sin eigen markeringsdag. Det er ikkje sjølvsagt at pressa får ytre seg fritt i mange land. I dei første fire månadene av 2003 vart 20 journalistar drepne på jobb. Det sit minst 136 journalistar fengsla i til saman 27 land.
World Association of Newspapers (WAN) gjer eit stort arbeid for å passe på pressefridomen over heile jordkloden. Protestar vert sende, overvakingsgrupper tvingar seg til vitjing hos despotar og tyrannar, og når land er i fåresona, slik som no stoda er i Polen, aukar presset på dei som styrer i landet. Du kan sjølv ta ein titt her.

Mange av dei som drog frå Europa til USA i den første grunnleggingstida av nye statar i byrjinga av 1800-talet, var menneske som drog over av di dei kjende seg forfølgde av politiske eller religiøse grunnar. Kva veit du t.d. om kvekaren William Penn og Pennsylvania?

Kunst som ytring
Er ytringar berre meiningsytringar? Reklame kan vere ei ytring, ymse former for kunst kan vere ytringar. Ein kjend nolevande norsk målar, Rolf Groven, bruker kunsten sin til å kome med klåre politiske ytringar. Fleire av hans mest kjende målarstykke omhandlar EU-debatten og forureining. Eit bilde (”Oljemaleri 1975”) tok utgangspunkt i Tidemand og Gude sitt ”Bryllupsferden i Hardanger”, eit av dei vakraste nasjonalromantiske bilde vi har i norsk målarkunst, men på Groven sitt bilde har heile Hardangerfjorden sin blanke spegel vorten fylt opp av søppel og forureining og med oljetankar på mest kvart nes. På den måten ville Groven fortelje at idyllen var broten! Vi er i ferd med å forsøpla landet heilt ut! Bildet til Groven er sterkt omdiskutert, men at han vil noko med bilda sine, er heilt klårt. Sjå sjølv på 1975: Oljemaleri


Ein kjend spansk målar, Francisco de Goya (1746-1828), er ofte kalla den første moderne målar. Han vert òg rekna som den første målar som ikkje berre attfortalde krigshendingar, men som måla i protest mot krigen sine redsler. Eit av sine mest kjende bilde måla han i 1814. Bildet handlar om ein massakre av innbyggjarane i Madrid den 3. mai 1808, der ein peletong franske soldatar skyt ned spanske opprørarar som blir drivne fram mot soldatane. Målarstykket er både vakkert og foferdeleg. Særleg den lyse skjorta til ein av opprørarane vert eit sterkt blikkfang. Sjå bildet her: massakren den 3. mai 1808

Ein annan kjend spansk målar protesterte òg mot krig på ein måte som kan samaliknast med Goya, men det var hundre år seinare. Det var Pablo Picasso (1881-1973) sitt vidgjetne målarstykke Guernica.
Picasso måla bildet til verdsutstillinga i Paris i 1937. Bildemotivet var frå bombemassakren av den vesle baskerlandsbyen Guernica, der general Franco hadde bede Tyskland om hjelp til å bombe. Han ville straffe baskarane som hadde ynskt å vere sjølvstendige i 500 år. Picasso ville eigenleg ikkje bruke kunsten sin politisk, men vart så rasande at han måla dette bildet på oppmoding. Ser ein godt etter, har Picasso laga bildet som ei tyrefekting for å syne at Franco meinte denne massakren var meir som ei sportshending å rekne. Sjå: Guernica

At kunst òg kan vere makt, syner det som for ikkje så lenge sidan hende med Picasso si Guernica.
Då USA sin utanriksminister, Colin Powell, skulle halde tale om Irak-konflikten i FN i februar 2003, vart ein vevd reproduksjon av bildet Guernica som heng like ved inngangen til Trygdingsrådet, dekt til. Det er gjerne her mange diplomatar, politikarar tryggingsrådgjevarar vert stogga når dei vert intervjua av pressa. Mange såg på dette som ein freistnad på å dempe den verknaden eit slikt bilde kunne ha medan krigskonfliktproblema vart drøfta! Ei rekkje kunstnarar har naturleg nok protestert på denne tildekkinga. Sjå: Kunst mot krig fjernet

Ytringsfridom på internett

På grunn av den teknologiske utviklinga vert ytringar spreidd over stadig større avstandar til stadig fleire menneske, og da gjennom enno fleire kanalar som vert mykje meir vanskeleg å kontrollere. Gjennom internett kan ein no nå ut til praktisk tala heile verda utan kontroll. På den måten vil det verte spørsmål om kva ein skal satse på å kontrollere. I Singapore t.d. har styresmaktene greidd å få ein effektiv kontroll med kva som slepp igjennom landet sine nettleverandørar og ut til brukarane. Det viktigaste tiltaket er filtrering av nettsider i proxy-servarar, dvs. datamaskinar som står mellom sendar og mottakar, og som kan hindre at sider slepp igjennom. 10-15 nettjegarar arbeider på full tid med å leite etter sider med ulovleg eller upassande innhald, for så å blokkere desse. Ein eigen hotline er open for tips frå publikum. Sjå: Informasjonsteknologi: ja. Ytringsfrihet: nei


Reportarar utan grenser
Det er ein eigen internasjonal organisasjon som følgjer med på kva som hender på nettet og med overvaking av journalistar. I Kina, t.d. er det slik som i Singapore, kan hende endå sterkare, ein valdsam kontroll på kva som er tillate å meine noko om ute på netttet. Sjå: reporters without borders


Stor ytringsfridom i Noreg

Er du klår over kor stor ytringsfridom du eigenleg har her i Noreg?
Du har ytringsfridom på skolen, i familien, mellom kameratane dine, og i foreiningar og lag som du er med i. Du kan skrive innlegg i aviser og vere med i debatten om korleis du meiner kommunen din bør styrast på, eller kva for styrereglar landet ditt eller verda elles bør ha. Du kan sjølv velje korleis du vil nytta denne retten til å meine – eller ytre deg. Du kan bruke dei mediene du har tilgjenge til, anten det er radio eller presse, TV eller på annan måte. Du kan sjølv vere kreativ og fremje dine meiningar, anten som eigne radioinnslag, skrive artiklar eller innleggg. Du kan la deg intervjue, eller du lagar deg ein liten video – som kan brukast som ein triggar. Du kan òg bruke internett eller sende SMS for den skuld. Her er det mange måtar å gjere det på.


Avgrensningar
Men det finst nokre avgrensningar. Du kan ikkje seie alle mogelege ting utan at det kan få konsekvensar. Viktige avgrensningar kan vere
*forbod mot ærekrenkjande tiltale eller omtale av andre
*deltaking i eller oppmoding til ulovlege eller straffbare handlingar
*spreiing av opplysningar der lova seier at du har plikt til å teie(t.d. du arbeider med hemmelelege statlege prosjekt).


Del 2 i Artikkel 13 i Barnekonvensjonen seier det på denne måten:

Utøvinga av denne retten kan ha visse restriksjonar, men desse skal berre vere slike som er føreskriven ved lov og er naudsynlege:
(a) av omsyn til andre sine rettar eller omdøme; eller
(b) til vern av den nasjonale tryggleiken, den offentlege orden(ordre public) eller den offentlege helse eller moral.

Kan Ari Behn meine kva han vil?
Eit godt døme på restriksjonar i ytringsfridomen er den debatten som har gått rundt Ari Behn: Skal han ha rett til å seie offentleg alt kva han meiner etter at han er vorten gift inn i Kongehuset? Sjå Kongehus eller ytringsfrihet

Kva meiner du om Ari Behn sine rettar?

Barneombodet har som ei av sine oppgåver å sjå til at reglane som er nedskrivne i Barnekonvensjonen om ytringsfridom blir følgd. Sjå barnekonvensjonen

Barneombodet sine nettsider kan du følgje med på kva som skjer, og du kan òg gje uttrykk for dine eigne meiningar og tankar om spørsmål som opptek deg.


NB! Sjå òg triggarane om ytringsfridom.

© 2003 Elarena